mandag 7. desember 2009

BrettVett 15 - Julebord i sjømannsforbundet.

DTG: Måndag 07. desember 2009, kl. 19.30 - ca. 23.30.

KVAR: Heime hos Knut Einar, som nettopp har flytta inn i sitt nybygde hus!

KVEN: Knut Einar, Runar, Jonny, Bjørn, Åge, Harald, og Erling. 7 er visst i ferd med å bli BrettVett-koden...

KVA: Vi hadde lyst å spele Modern Art, eit spel for 3 - 5 spelarar. Vi var seks, men bestemte oss for Modern Art likevel. Etter kvart vart vi sju, men vi lot oss ikkje stoppe av det! Korleis gjekk det så med to fleire enn spelet er designa for??

RESULTAT: Modern Art går ut på å selje og kjøpe kunstverk. Det skjer i form av 4 ulike typar auksjonar: 1: Hemmeleg auksjon, der du skjuler summen du byd. 2: Fastprisauksjon, der seljar set ein pris. Første til venstre får sjansen til å kjøpe til den prisen, om ikkje går tilbodet vidare til neste. Om ingen kjøper, må seljar kjøpe det sjølv til den prisen han satt. 3: Enkeltbod- auksjon , der første til venstre for seljar kjem med eit bod, som neste spelar så kan auke eller passe. 4: Og til slutt open auksjon, som også er den artigaste. Her byd alle som dei vil og i den rekkjefølgja dei vil. Uansett auksjonsform er det kjøpar som blir neste auksjonarius, og får selje eit av sine kunstverk. Det nokon av oss erfarte, var at med 7 spelarar kunne det vere vanskeleg å kome innpå å få kjøpt noko, og dermed vanskeleg å få solgt noko. Er nok ein grunn til at spelet er designa for 3 - 5 spelarar. Spelet går i 4 rundar. Runden sluttar når det femte kortet/kunstverket av ein farge blir lagt ut for auksjon. Etter kvar runde får korta ein verdi. Den fargen som er omsatt mest blir verdt 30.000,-, nest mest 20.000,- og minst omsatt blir verdt 10.000,-. Så får kvar spelar utbetalt utbytte etter kor mange han har i kvar farge. Vi opplevde i andre runde at berre ein farge vart omsatt. Dermed fekk ingen kort verdien 20.000,- eller 10000,- i den runden. Den som har mest cash til slutt vinn. Eit spel som slår godt an på Sunnmøre, med andre ord. Det førde til ein del nokså harde bodrunder, der nokon kanskje kjøpte seg til fant.

Resultat første spel:

  1. Runar: 369.000,-
  2. Erling: 324.000,-
  3. Åge: 300.000,- (Men Åge meinte seg snytt for 30.000,- og dermed 2. plassen, sjå video nedanfor.)
  4. Knut Einar: 292.000,-
  5. Jonny: 260.000,-
  6. Bjørn: 197.000,-
  7. Harald: 133.000,-

I andre spelet vart vi endå tøffare i bodgjevinga, og baud som fulle sjømenn heile gjengen. Såpass heftig vart det i enkelte bodrunder at du kunne tru du var hamna på julebord i Sjømannsforbundet, med gratis bar. Eit strålande døme på ei slik bodrunde vart filma, men filmen er for stor til å leggjast ut på denne bloggen. Den varer i 1 minutt og 21 sekund, og er verdt å få med seg. Du finn filmen på YouTube, berre klikk her! Åge prøvde å utnytte situasjonen med å setje ein så høg pris på ein fastprisauksjon, at han blakka seg fullsendig på å kjøpe kortet sjølv når alle andre sa pass. Likevel karra han seg inn til ein fin-fin tredjeplass...
Resultat andre spel:

  1. Jonny: 445.000,-
  2. Harald: 395.000,-
  3. Åge: 312.000,-
  4. Knut Einar: 290.000,-
  5. Erling 224.000,-
  6. Bjørn: 201.000,-
  7. Runar: 178.000,-


    video
    Sjå Åge leite etter 30 (sølv)pengar, som han påstår nokon har rappa :-) Den andre filmen, som viser ein bodrunde av ei anna verd, finn du på YouTube. Klikk her!

SERVERING: Schweppes Grape Soda, potetgull, fox, kaffi og Monicas heimelaga julekaker :-)

KOMMENTAR: Modern Art er eit artig spel som slår godt an på Sunnmøre, men sju spelarar er nok i meste laget. Neste BrettVett får vi dele oss på to spel, om vi blir like mange. Vi spelte forøvrig med Harald sin portugisiske (?) utgåve, som eg må seie framstår som mykje penare og mykje meir stilreint enn Lautapelit sin firespråklege nordiske utgåve.

Link til Modern Art på boardgamegeek.com. Link til Modern Art på spillskrinet.no.

Erling og Knut Einar diskuterer pris.

God stemning under auksjonane. Jonny, Åge, Harald og Erling.

Erling, Runar, Jonny og Harald. Alvoret har satt inn.

Bjørn kom seg aldri inn i dei heftige budrundene, og tok heller bilde av seg sjølv, medan dei andre gjorde det dei skulle.

Som du ser var det berre ein farge som vart omsatt i runde to, og to fargar i runde tre.

Heldigvis var alle venner etterpå. Liksom. Sjølv om Åge, i midten over, anklaga Bjørn (til venstre) og Harald (til høgre) for å ha rappa 30.000,- peng. Truleg berre ein måte å urettmessig innta andreplassen.
Knut Einar, Lord of the Manor, godt nøgd med kunstsamlinga si.

SÆRS nøgd, faktisk.

torsdag 3. desember 2009

BrettVett 14 - Pandemic og Chicago Express.

DTG: Måndag 02. november 2009, kl. 19.30 - ca. 23.15.


KVAR: Ulsteinvik sentrum, nære bestemt felleslokala til Spor Forlag, Iris Design og Ulstein IT-senter.


KVEN: Jonny, Åge, Harald, Erling, Berge, Magne, Bjørn. 7 mann alle.


KVA: Vi fordelte oss på to bord, og spelte Pandemic og Chicago Express. Nye spel for nokon av oss, andre hadde spelt begge før.


RESULTAT: Pandemic: Første runde spelte Magne, Jonny og Bjørn. Bjørn sitt spel, så han forklarte reglane. Spelet var nytt for Magne og Jonny. Spelte lettaste nivå,"Introductory game", og tapte. Magne likte tydelegvis Pandemic, og lånte det med heim etterpå.
Åge, Harald og Berge spelte Pandemic etterpå. Dei bomma pittelitt på reglane, men tapte sitt "Introductory game" likevel.
Chicago Express: Kjekt og kjapt togspel. Første runde: Harald 68 poeng, Berge 52 poeng, Åge 50 poeng og Erling 38 poeng.
Andre runde: Magne 87 poeng, Jonny 71 poeng, Bjørn 57 poeng og Erling 51 poeng.


DAGENS SITAT: "Ingen sa at det ikkje var lurt å bruke penga som fulle sjømenn" (Erling si unnskyldning etter å ha kommet sist i Chicago Express to gonger på ein kveld).


SERVERING: Maarud paprikapotetgull, Laban seigmenn, Pringles, brus, kaffi. Ingen søling på spela.


KOMMENTAR: Det som gjorde kvelden mest vellukka i mine auge, var at alle rakk å spele to kvalitetsspel. Med andre ord: Eg vann ikkje noko som helst denne kvelden...