torsdag 7. mai 2009

BrettVett 9 – Erlings hemn i ”Aksjespareklubben”

Ein fattig kveld i månaden – kva er vel eigentleg det med tanke på alle dei spela vi så gjerne vil teste ut, nye brettspelperler som vi nesten føler oss forplikta til å spele, så dei ikkje berre ligg heime og samlar støv (vi har trass alt kjøpt dei allereie)? I tillegg vil vi gjerne finne fram gamle perler og skattar frå spelsamlinga. Så kva er vel ein spelekveld i månaden då? Slett ikkje nok. Så sjølv om vi har ein del nye spel vi skulle testa ut, blei det denne kvelden, den første måndagen i mai i det Herrens år 2009, ein ønskereprise: Harald fekk lov å hente fram Railroad Tycoon frå arkivet. Så medan skulekorpset gjekk utafor og øvde på å kombinere speling og marsjering, benka desse seks karane seg rundt spelebordet for å kombinere oppgradering av lokomotiv med flytting av trekubar; Berge, Harald, Knut Einar, Erling, Arild og Bjørn.

Som den observante lesar vil hugse har vi spelt Railroad Tycoon på BrettVett før, nærare bestemt på BrettVett 3, i oktober 2008. Med unntak av Bjørn var det dei same spelarane som då gjorde opp om kven som var den kvassaste til å bygge jernbane og frakte trekubar rundt omkring i USA. Dermed kunne ingen skulde på at spelet var nytt for dei.

Ein interessant mekanisme i Railroad Tycoon er at alle startar utan kontantar, og må løyse ut aksjar for å få cash ($5000 for ein aksje). På slutten av kvar omgang må ein betale ”utbytte” på $ 1000 pr. aksje. I tillegg får ein eitt minuspoeng for kvar aksje ein har løyst ut i poengteljinga til slutt. For vidare omtale av spelet Railroad Tycoon kan du sjå brettVett sin eigen ekstrablogg der vi vurderer spel, ”Spill til ettertanke”.

Med seks spelarar blir det fort trongt på brettet. Som vanleg med dette spelet blir det først bygd jernbane mellom byane i nordaust, og det var nettopp dette Erling som startspelar gjorde. Arild som spelar nr. to valde utradisjonelt, og bygde rett på vestsida av fjella. Bjørn sikta seg meir inn på Chigago-området, utan at det vart dei store jernbanestrekningane av det. Berge hamna i søraust, og fekk bygd ut eit respektabelt jernbanenett der. Harald fekk aldri opp den store jernbanen, men fleire småstrekningar i nordaust og sørvest. Han frakta dermed mykje på andre sine baner, og delte ut poeng i aust og vest (mest aust). Den einaste som ikkje naut godt av dette var Bjørn, som ikkje hadde ei einaste jernbane på austkysten.

Etter Erling sitt minneverdige og mykje omtalte (i alle fall internt i BrettVett) nederlag i Railroad Tycoon på BrettVett 3, tok han denne gongen ein vel fortent andreplass. Han måtte likevel sjå seg slått av Knut Einar, som tidleg drog i frå for aldri meir å sjå seg att. Arild karra seg til ein finfin 3. plass, med god drahjelp (bokstaveleg talt, det er jo eit togspel) frå Knut Einar som på sine to siste trekk foræra Arild ikkje mindre enn 10 poeng, ved å flytte godskubar med sjuarlokomotivet sitt på ei linje der Arild hadde fem jernbanestrekk. Nei da, ingen bitterheit frå referenten. Nei da… Berge frakta godskubar jamt og trutt, og låg lenge an til 3.plassen, men måtte altså ta til takke med 4.plass etter sluttspurten til Arild. Harald skjønte ikkje heilt korleis han til slutt hamna på 5.plass. Men etter å ha løyst ut 19 aksjar, som altså gjev 19 minuspoeng i slutteljinga, fekk han ikkje berre ein velfortent 5.plass, han fekk i tillegg livslangt æresmedlemskap i Aksjespareklubben. Bjørn sparte seg til fant og sjetteplass ved å berre løyse ut ein (1!) aksje til langt ut i spelet. Etter ei stund løyste han ut tre aksjar til for å finansiere western connection, noko som truleg gagna Arild like mykje.

Vel vel, alle var einige om at det hadde vore ein fin (tog)tur, og fór heim kvar til sitt. Vil med det same invitere alle lesarar til BrettVett 10 (oi, eit lite jubileum!), som blir ANDRE MÅNDAG I JUNI! Dette fordi første måndag juni er andre pinsedag, og det kan vel hende nokon er bortreist i pinsehelga. I juli tek vi BrettVettferie, før vi startar haustsemesteret måndag 3. august.

Kveldens sitat (tre på rappen), etter ein liten regeldiskusjon: Harald: ”Eg har sendt mail til Glenn Drover for å spørje, men han har ikkje svart.” Berge: ”Det er så godt å sjå at det er nokon som er meir geek enn meg.” Arild (til Berge): ”Så du kjem på spelekveldar for å kjenne deg normal?”

Over: Erling (venstre, blå brikke) og Arild (høgre, svart brikke) er nøgd med å ha scora poeng først, sjå poengstigen på kanten av brettet. På dette tidspunktet ana vi moglegheiten for ein sensasjonssiger til Erling, som kom sist forrige gang vi spelte Railroad Tycoon.

Over: Berge (raud brikke) og Knut Einar (lilla tog, men grå brikke på poengskalaen) har blanda seg inn i teten, Arild har falt litt av. Harald (grøn brikke) og Bjørn (gul brikke) har plassert seg bakerst, og skulle bli der.

Over: Knut Einar og Erling har dratt i frå, og vi lurte for alvor på om Erling skulle gjere som ein viss tyggis (var det ikkje det det var reklame for...?), og halde heilt til Vladivostok...

Over: Her leier Erling framleis, men måtte etter kvart gi tapt for Knut Einar, som vann ein vel fortent siger.

Over, frå venstre: Berge (raud spelar), Harald (grøn spelar), Knut Einar (lilla spelar men grå brikke på poengskalaen).

Over, frå venstre: Harald, Knut Einar, Berge og Arild. Nok ein gong har vi fått låne lokala til Harald sin arbeidsgjevar, Spor Forlag. Vi takkar for det.

Over: Berge, usikker på om han på dette tidspunktet i spelet er fornøgd eller ikkje...

Over: Close up av Berge sitt jernbanenett.

Over: Close up av Erling sitt jernbanenett.

Over: Arild (venstre) og Bjørn (høgre) er bekymra over utviklinga, medan Erling tel poeng.

Over: Konstablane Arild og Bjørn i poengpolitiet følger med så ikkje Erling flytter brikken sin for langt...


Over: Spelarane forklarar nøkkelen til suksess eller fiasko (Bjørn på sjetteplass kom ikkje med, fordi minnekortet var fullt. Men sidan han kom på sjetteplass er det truleg berre bortforklaringar likevel...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar