mandag 20. april 2009

BrettVett spesial - Temadag på Sunnmøre folkehøgskule del I

For ei tid tilbake fekk eg (Bjørn) og Harald eit interessant spørsmål frå inspektøren ved Sunnmøre folkehøgskule (SUFH): Kan de tenkje dykk å ha ein temadag om brettspel for elevane våre? Etter å ha tenkt oss om i 11 sekund, svarte vi eit klart og utvetydig "kanskje". Etter å ha tenkt oss om i ein dag svarte vi "Klart vi kan!"

Harald laga til ein flott og oversiktlig presentasjon over forskjellige spelkategoriar og spelmekanismar, rikeleg illustrert med gode bilete (jada, PowerPoint er tingen). Vi valde ut spel som vi trudde kunne vere aktuelle for elevane, og sytte sjølvsagt for å ha spel nok til alle og vel så det. Vi starta med presentasjonen i amfiet, og gjekk deretter inn i matsalen for å spele. Der var nok bord og stolar til alle, pluss at alle satt samla slik at vi kunne gå mellom borda og hjelpe til med regelforklaring og andre etisk-moralske spørsmål. Her er det på sin plass å nemne at vi også hadde kalla inn eit av BrettVett sine mest trufaste medlem, nemleg Erling. I tillegg hadde vi ein av lærarane med, Jan Einar, som hadde god kontroll på mellom anna Ticket to Ride. Når vi då i tillegg hadde fått skulen sine stipendiatar med på laget for å hjelpe til med dei spela dei kunne, var vi klar for SPELING! Nedst i denne bloggposten kan du sjå kva spel som faktisk vart spelt.

Harald og eg var spent på korleis elevane ville ta dette, og kor interessert dei ville vere. Under presentasjonsdelen i amfiet hadde vi handsopprekning for å sjå kor mange som hadde spelt litt spel frå før. Mange hadde , ikkje uventa, vore borti Settlers, Carcassonne, Ticket to Ride Europe og Risk. Eg seier ikkje uventa, fordi Settlers, Carcassonne og Ticket to Ride Europe er spel som skulen har kjøpt inn og har tilgjengeleg for elevane.

Vi oppmoda elevane om å opne barnesinnet og prøve noko nytt denne dagen. Responsen synest vi var over all forventning. Dei gjekk til speleborda med liv og lyst, som du kan sjå av bileta og filmane nedanfor. Som avslutning hadde vi ei lita fellesøkt der elevane fikk kome med synspunkt på kva eigenskapar som gjer eit spel bra. Vi hadde også ei handsopprekning til slutt der vi spurte: ”Kor mange har i dag spelt eit spel som du aldri har spelt før?” Det var i alle fall 95 %, om ikkje 100% som rakk opp handa. I mine auge var det nettopp det som gjorde dette til ein vellukka dag. Takk for førespurnaden frå SUFH, og takk til elevane som verkeleg opna barnesinna denne dagen og prøvde noko nytt!
P.S: Sjå også bloggposten under, der finn du film frå temadagen!

Harald får PowerPointen på plass:



Eit utval av spela vi hadde med:


Slik såg det ut i matsalen:

Desse hadde spelt Risk før, og våge seg på noko nytt; RISK 2210 A.D.:

Ticket to Ride America:

Pandemic:

Stormenes tid:

Ticket to Ride Europe:

Ticket to Ride Europe:

Ca$h'n Gun$:

Ca$h'n Gun$:

Ca$h'n Gun$:

Ludo (ja, LUDO!!!!) på verandaen:

Settlers:


RISK 2210 A.D.:

Pandemic:

Vinnaren av Settlers:

Tilsaman hadde vi med oss 26 forskjellige spel denne dagen. Her er lista over dei spela som var i aktiv bruk, alfabetisk sortert, med link til spelet sin infoside på www.boardgamegeek.com:

6 nimmt (Category 5)
Ark of the Covenant
Bang!
Ca$h´n Gun$
Formula Dé
Guillotine
Ludo (sitt langt inne å legge denne til på lista, men...)
Pandemic
Risk
RISK 2210 A.D.
Settlers
Stormenes tid (The Pillars of the Earth)
Ticket to Ride
Ticket to Ride: Europe

BrettVett spesial - Temadag på Sunnmøre folkehøgskule del II

Dette er del 2 av bloggposten om temadag om brettspel på Sunnmøre folkehøgskule. I denne delen finn du filmklipp.

Stormenes tid:

video

Bang!:

video

RISK 2210 A.D.:

video

Ca$h'n Gun$:

video

Slik såg det ut:

video

tirsdag 14. april 2009

BrettVett 8 - bygging og samarbeidsspel.

Første måndag i april fall som kjent på måndag i den stille veke, eller påskeferieveka, som nokon kallar den. Difor vart BrettVett 8 framskynda til måndag 30. mars. Georg Einar, Arild T. O., Harald, Jonny, Erling, Berge, Tommy, Bjørn, og Knut Einar møttes på Harald sin arbeidsstad, Spor Forlag sine lokalar som dei deler med Ulstein IT-senter og IRIS Design. Alle benka seg rundt eitt og same bord (fordelen med eit stort lokale), medan vi diskuterte kva spel som skulle på bordet denne kvelden. Georg Einar sette seg midt på den eine langsida (av bordet), slik at han kunne vere med på begge spela. Men det får vere måte på multitasking, og han hamna på den austre enden av bordet, der det vart bestemt å spele det muligens austleg inspirerte spelet Alhambra. Det finst ein heil haug med utvidingar til Alhambra, men her nytta dei berre grunnspelet. (Er det forresten nokon som har eit godt nynorsk ord for multitasking? Arild, du som er leiar i Ulstein mållag, eg snakkar til deg J) (Frå Wikipedia: ”Multitasking er et begrep som brukes når det tilsynelatende er mer enn én handling som utføres på en gang.”)

Erling hadde med seg sitt eksemplar av Alhambra, som han hadde kjøpt for ei god stund sidan, og innvia tre dagar tidlegare på ein spelekveld heime hos Lars-Erling. I Alhambra skal kvar spelar byggje seg ein… ja, nettopp, ein alhambra, som visstnok tyder ”det raude slottet”. Igjen, sjå Wikipedia.

På din tur kan du:
1: Trekke pengar.
2: Kjøpe eit bygg (ei brikke) til alhambraen din. Om du ikkje kan eller vil plassere brikka i alhambraen din med ein gong, kan du legge den i reserven din.
3: Flytte brikker mellom reserven og alhambraen din.

Undervegs i spelet er det to runder med poengteljing, samt ei runde med poengteljing til slutt. Du får poeng etter kor mange bygg av kvar farge du har i alhambraen din, i tillegg får kvar spelar poeng etter kor lang samanhengande mur han har i bygget. Overraskande nok: Den som får samanlagt mest poeng etter tredje og siste runde med poengteljing, vinn spelet. Poengfordelinga etter første runde Alhambra vart slik:

Erling 82 p
Berge 80 p
Arild 78 p
Georg Einar 76 p
Jonny 72 p
Ganske tett oppgjer, som vi ser av poenga. Berge var såpass fornøgd med andreplassen at han tok kveld etter dette. Dei andre fortsette med ein runde til, noko som jo er ein god idé når ein nettopp har lært eit nytt spel. Her vart det litt større spredning:
Georg Einar 128 p
Erling 105 p
Jonny 98 p
Arild 70 p

Georg Einar satsa på lang mur...


...medan Erling bygde Edens hage.

I den vestre enden av bordet fekk Bjørn endeleg spele Pandemic med 4 spelarar. Han fekk med seg Knut Einar, Harald og Tommy. For å gjenta litt av det eg skreiv etter BrettVett 6:
”Pandemic er eit samarbeidsspel for 2 til 4 spelarar som ein lærer kjapt, men treng lengre tid på å meistre. Det går ut på å finne ein kur til fire forskjellige sjukdommar, samtidig som ein samarbeidar om å hindre utbrot av sjukdommane. Det er tre forskjellige startoppsett; introduksjonsspel, normalt spel og heroisk spel. Slik får ein moglegheit for progresjon etter kvart som ein meistrar spelet betre (…) Kvar spelar har eit rollekort, med spesialeigenskapar dei andre ikkje har. For å vinne mot spelet er det nok viktig å utnytte den einskilde spelar sine spesialeigenskapar til fulle.”

Samarbeidsspel betyr at alle spelarane konkurrerer saman mot spelet. Anten vinn vi saman mot spelet, eller spelet vinn mot oss. Vi har tidlegare spelt eit anna samarbeidsspel i BrettVett, nemleg Red November, som vi spelte på BrettVett 6 hos Berge. Denne kvelden starta vi fire med introduksjonsspelet, den enklaste varianten. Sjølv om det var første gongen tre av oss spelte det, vann vi greitt mot spelet. Dermed vart vi så kjepphøge at vi gjekk rett på den vanskelegaste varianten, ”heroisk spel”. Det var ikkje fullt så lett. Vi følte likevel at vi var veldig nær å klare det, og heiv oss på ein tredje runde Pandemic, også denne gongen heroisk spel. Denne gongen gjekk det heller ikkje så bra. Sjølv om vi følte at vi var nær å klare det begge dei to siste spela, er nok det mykje av vitsen med spelet. Du føler at du er ganske nær. ”Vi må berre prøve ein gong til, så klarer vi det. Berre ein gong til…”

Det positive med samarbeidsspel er at ingen taper aleine! Dette er eit spel for to til fire spelarar, og det fungerer godt både med to og fire spelarar. Det er eit godt alternativ for to spelarar. Då slepp dårlege taparar (for eksempel underteikna) å bli sur når han taper mot nokon andre (for eksempel kona til underteikna). Ein særs god eigenskap med Pandemic er at det ikkje tar særleg meir tid enn det som står på eska (i motsetning til for eksempel ”Bang!”). Det står på eska at det tar ca. 45 minutt. Vi brukte nok litt meir, men innafor 60 minutt er det ferdigspelt. Tek det meir tid er det fordi spelarane diskuterer korleis dei skal samarbeide for å vinne, og mykje interaksjon er jo bra. Litt negativt kan vere om ein eller to spelarar tek kontroll over spelet, og fortel dei andre kva dei skal gjere. Då blir dei andre redusert til statistar. Dette vart ikkje noko problem for oss, men om du vil lese meir om denne problematikken finn du ein diskusjon om det på http://www.boardgamegeek.com/, i denne diskusjonstråden: Reducing "one-player-is-the-leader" syndrome.

Kveldens sitat kom forøvrig frå Arild T.O: "Det var ikkje uflaks, det var dumskap!"
Til slutt: Stor takk til Harald sin arbeidsgjevar, Spor forlag (og Ulstein IT-senter og IRIS Design), for lån av lokale til BrettVett 8, og velkomen til BrettVett 9 som blir måndag 04. mai på ein så langt ukjent stad.
Under kan du sjå tommel opp/tommel ned -evaluering av spela.
video