mandag 7. desember 2009

BrettVett 15 - Julebord i sjømannsforbundet.

DTG: Måndag 07. desember 2009, kl. 19.30 - ca. 23.30.

KVAR: Heime hos Knut Einar, som nettopp har flytta inn i sitt nybygde hus!

KVEN: Knut Einar, Runar, Jonny, Bjørn, Åge, Harald, og Erling. 7 er visst i ferd med å bli BrettVett-koden...

KVA: Vi hadde lyst å spele Modern Art, eit spel for 3 - 5 spelarar. Vi var seks, men bestemte oss for Modern Art likevel. Etter kvart vart vi sju, men vi lot oss ikkje stoppe av det! Korleis gjekk det så med to fleire enn spelet er designa for??

RESULTAT: Modern Art går ut på å selje og kjøpe kunstverk. Det skjer i form av 4 ulike typar auksjonar: 1: Hemmeleg auksjon, der du skjuler summen du byd. 2: Fastprisauksjon, der seljar set ein pris. Første til venstre får sjansen til å kjøpe til den prisen, om ikkje går tilbodet vidare til neste. Om ingen kjøper, må seljar kjøpe det sjølv til den prisen han satt. 3: Enkeltbod- auksjon , der første til venstre for seljar kjem med eit bod, som neste spelar så kan auke eller passe. 4: Og til slutt open auksjon, som også er den artigaste. Her byd alle som dei vil og i den rekkjefølgja dei vil. Uansett auksjonsform er det kjøpar som blir neste auksjonarius, og får selje eit av sine kunstverk. Det nokon av oss erfarte, var at med 7 spelarar kunne det vere vanskeleg å kome innpå å få kjøpt noko, og dermed vanskeleg å få solgt noko. Er nok ein grunn til at spelet er designa for 3 - 5 spelarar. Spelet går i 4 rundar. Runden sluttar når det femte kortet/kunstverket av ein farge blir lagt ut for auksjon. Etter kvar runde får korta ein verdi. Den fargen som er omsatt mest blir verdt 30.000,-, nest mest 20.000,- og minst omsatt blir verdt 10.000,-. Så får kvar spelar utbetalt utbytte etter kor mange han har i kvar farge. Vi opplevde i andre runde at berre ein farge vart omsatt. Dermed fekk ingen kort verdien 20.000,- eller 10000,- i den runden. Den som har mest cash til slutt vinn. Eit spel som slår godt an på Sunnmøre, med andre ord. Det førde til ein del nokså harde bodrunder, der nokon kanskje kjøpte seg til fant.

Resultat første spel:

  1. Runar: 369.000,-
  2. Erling: 324.000,-
  3. Åge: 300.000,- (Men Åge meinte seg snytt for 30.000,- og dermed 2. plassen, sjå video nedanfor.)
  4. Knut Einar: 292.000,-
  5. Jonny: 260.000,-
  6. Bjørn: 197.000,-
  7. Harald: 133.000,-

I andre spelet vart vi endå tøffare i bodgjevinga, og baud som fulle sjømenn heile gjengen. Såpass heftig vart det i enkelte bodrunder at du kunne tru du var hamna på julebord i Sjømannsforbundet, med gratis bar. Eit strålande døme på ei slik bodrunde vart filma, men filmen er for stor til å leggjast ut på denne bloggen. Den varer i 1 minutt og 21 sekund, og er verdt å få med seg. Du finn filmen på YouTube, berre klikk her! Åge prøvde å utnytte situasjonen med å setje ein så høg pris på ein fastprisauksjon, at han blakka seg fullsendig på å kjøpe kortet sjølv når alle andre sa pass. Likevel karra han seg inn til ein fin-fin tredjeplass...
Resultat andre spel:

  1. Jonny: 445.000,-
  2. Harald: 395.000,-
  3. Åge: 312.000,-
  4. Knut Einar: 290.000,-
  5. Erling 224.000,-
  6. Bjørn: 201.000,-
  7. Runar: 178.000,-


    video
    Sjå Åge leite etter 30 (sølv)pengar, som han påstår nokon har rappa :-) Den andre filmen, som viser ein bodrunde av ei anna verd, finn du på YouTube. Klikk her!

SERVERING: Schweppes Grape Soda, potetgull, fox, kaffi og Monicas heimelaga julekaker :-)

KOMMENTAR: Modern Art er eit artig spel som slår godt an på Sunnmøre, men sju spelarar er nok i meste laget. Neste BrettVett får vi dele oss på to spel, om vi blir like mange. Vi spelte forøvrig med Harald sin portugisiske (?) utgåve, som eg må seie framstår som mykje penare og mykje meir stilreint enn Lautapelit sin firespråklege nordiske utgåve.

Link til Modern Art på boardgamegeek.com. Link til Modern Art på spillskrinet.no.

Erling og Knut Einar diskuterer pris.

God stemning under auksjonane. Jonny, Åge, Harald og Erling.

Erling, Runar, Jonny og Harald. Alvoret har satt inn.

Bjørn kom seg aldri inn i dei heftige budrundene, og tok heller bilde av seg sjølv, medan dei andre gjorde det dei skulle.

Som du ser var det berre ein farge som vart omsatt i runde to, og to fargar i runde tre.

Heldigvis var alle venner etterpå. Liksom. Sjølv om Åge, i midten over, anklaga Bjørn (til venstre) og Harald (til høgre) for å ha rappa 30.000,- peng. Truleg berre ein måte å urettmessig innta andreplassen.
Knut Einar, Lord of the Manor, godt nøgd med kunstsamlinga si.

SÆRS nøgd, faktisk.

torsdag 3. desember 2009

BrettVett 14 - Pandemic og Chicago Express.

DTG: Måndag 02. november 2009, kl. 19.30 - ca. 23.15.


KVAR: Ulsteinvik sentrum, nære bestemt felleslokala til Spor Forlag, Iris Design og Ulstein IT-senter.


KVEN: Jonny, Åge, Harald, Erling, Berge, Magne, Bjørn. 7 mann alle.


KVA: Vi fordelte oss på to bord, og spelte Pandemic og Chicago Express. Nye spel for nokon av oss, andre hadde spelt begge før.


RESULTAT: Pandemic: Første runde spelte Magne, Jonny og Bjørn. Bjørn sitt spel, så han forklarte reglane. Spelet var nytt for Magne og Jonny. Spelte lettaste nivå,"Introductory game", og tapte. Magne likte tydelegvis Pandemic, og lånte det med heim etterpå.
Åge, Harald og Berge spelte Pandemic etterpå. Dei bomma pittelitt på reglane, men tapte sitt "Introductory game" likevel.
Chicago Express: Kjekt og kjapt togspel. Første runde: Harald 68 poeng, Berge 52 poeng, Åge 50 poeng og Erling 38 poeng.
Andre runde: Magne 87 poeng, Jonny 71 poeng, Bjørn 57 poeng og Erling 51 poeng.


DAGENS SITAT: "Ingen sa at det ikkje var lurt å bruke penga som fulle sjømenn" (Erling si unnskyldning etter å ha kommet sist i Chicago Express to gonger på ein kveld).


SERVERING: Maarud paprikapotetgull, Laban seigmenn, Pringles, brus, kaffi. Ingen søling på spela.


KOMMENTAR: Det som gjorde kvelden mest vellukka i mine auge, var at alle rakk å spele to kvalitetsspel. Med andre ord: Eg vann ikkje noko som helst denne kvelden...





mandag 2. november 2009

BrettVett 13: Glassperler og bøker.

Når: Måndag 12. oktober.

Kvar: Felleslokala til Spor forlag, Iris Design og Ulstein IT-senter.

Kven: Erling, Harald og Bjørn.

Kva: Ys og Sator Arepo Tenet Opera Rotas (prøv å les namnet på det siste spelet baklengs!)

Resultat Ys: Bjørn låg ikkje så godt an, men vann fordi han hadde mange svarte steinar. Harald berga andreplassen på at Erling valde for få grøne steinar når han skulle velje bonussteinar. Bjørn 87 poeng, Harald 75 poeng, Erling 73 poeng.

Resultat Sator: Alle klarte å samle 3 av 4 bøker, og Erling vann i det han fekk tak i si 4. og siste bok.

Servering: Kaffi frå kaffiautomaten, krokanrull og Laban seigmenn. Ingenting sølt på spela.

Mange oppteken på andre frontar, men tre karar møtte opp og fekk spele to kvalitetspel, Ys frå Ystari, og Sator Arepo Tenet Opera Rotas frå italienske Scribabs og Post Scriptum. Sjå spesielt på dei 5 nedste bilda, som er av Sator. Sjå korleis avgrunnen forsvinn ned i brettet! Flott design, flott effekt.














fredag 11. september 2009

BrettVett 12 - Politikk, val, kommers og krig.

BrettVett 12 gjekk av stabelen måndag 07. september, ei veke før stortingsvalet 2009. Dette ville vi sjølvsagt markere, og lyste ut til spelekveld med tema "Politiske spel". Etter kvart forsto vi at vi ikkje hadde heilt kontroll på alle dei spela vi såg som aktuell, og måtte difor kutte litt ned på lista. Vi har nemleg eit prinsipp om at den som tek med spel, må kunne det godt nok til å forklare dei som ikkje kan det frå før. Til denne kvelden hadde vi også "utkludert" alle reine krigsspel (som Risk, Axis & Allies, Nuke Norway Now, War on Terror etc), sjølv om det på sett og vis handlar om politikk.


Frå venstre: Berge, Jonny og Harald.
.
Frå venstre: Åge og Erling. Bjørn er fotograf.

Vi fekk mange tips gjennom denne diskusjonstråden på www.spillskrinet.no/forum. Om du er interessert i temaet kan du også finne politiske spel på www.boardgamegeek.com. På denne sida kan du mellom anna søke i ei liste over kategoriar (Board Game Categories). I denne lista over spel merka "political" på boardgamegeek finn du mange aktuelle politiske spel, sjølv om nokre av dei også er krigsspel (f.eks. Attack!).

Spel som Perikles, Junta og Diplomacy var aktuell, men vi endte opp med to spel frå Ystari: Sjølv om det utlyste temaet var politiske spel, hadde vi ein litt vid definisjon, som du skal få sjå. Handel går jo ofte hand i hand med politikk. Og vi karte ikkje å halde krigen heilt utanfor politikken denne kvelden heller...

Sylla vart spelet med det politiske temaet. Tre av oss, Åge, Erling og Bjørn (skrivar) sette oss ned med eit flott brett med fine spelkomponentar. Det skadar sjølvsagt heller ikkje at Harald har investert i Ystari sitt "tilleggsutstyr" til dette spelet, myntar prega i metall, og ein skinnpung til å ha dei i. Pent og solid spel. Vi gjekk altså til demokratiet sin barndom, Roma nokre år etter Kristus, der spelarane er senatorar som konkurrerer om å overta makta i Roma. Sylla var namnet til ein romersk konsul og diktator, og spelet sitt namn er ein referanse til denne personen.
Ein startar med kort som representerer forskjellige personar med forskjellige eigenskaper. Mellom anna har ein konsular, som ein kan bruke i avstemningar. Til dømes kan du bruke dei til å gje deg sjølv fordelen av å vere startspelar, eller førstekonsul som det også kallast. Kvart konsulkort tel ein stemme. I tillegg, som det hør og bør seg i eit tidleg og uferdig demokrati, kan ein kjøpe seg stemmer. Ein denar er ein stemme, ein bestemmer sjølv kor mykje pengar ein vil nytte til å kjøpe seg stemmer. Desse personkorta har også ein verdi som ein kan nytte til å kjøpe seg "bygningar", som ein får utbytte frå i løpet av spelet. Har ein brukt kortet til å kjøpe seg bygningar er kortet brukt, og du kan ikkje nytte det personkortet sine eigenskapar seinare i den runden. Enkelte av desse korta har også det kristne ICHTYS-symbolet på seg. Det symboliserer dei i Roma som har teke til seg den nye religionen frå Israel, og til slutt i spelet får ein poeng for kvart slikt kort ein har. I tillegg kan ein frikjøpe dei slavekorta ein har, men då må man sjølvsagt ha pengar til det. Etter ein litt rotete start kom vi godt i gang med spelet, og Bjørn, som den einaste som hadde erfaring med spelet frå før, kom så klart sist.
Åge smått bekymra over dekadensen i Roma...

Resultat Sylla:
Erling 67 poeng
Åge 64 poeng (velkomen i klubben, forresten!)
Bjørn 50 poeng

Så over til referent Harald, som skal fortelje korleis det gjekk i kveldens andre spel:
Denne kvelden sto i spillprodusenten Ystari sitt tegn. Da det ble for mange til at alle kunne være med å spille Sylla, var vi en utbrytergruppe på tre (Berge, Jonny og Harald) som benka oss rundt spillet Ys. Også et spill fra Ystari. Prinsippet her var å oppnå mest makt i de forskjellige bydelene av Ys, for å kunne sikre seg edelsteiner. En kunne også få kort som ga visse fordeler. Ingen av oss hadde spilt Ys før, undertegnede hadde satt seg inn i reglene, men det var også alt.
Første gang en spiller et nytt spill er en litt forsiktig og tilbakeholden, denne kvelden var ikke noe unntak. Vi visste ikke helt hvilken strategi som var best, men det hindret oss ikke i å sette i gang med å kjempe om makten i byen Ys. Særlig Berge og Harald kjempet om å karre til seg de beste edelsteinene. Men, var dette en lur strategi? Det visste vi ikke - men vi satset likevel på dette.
Et av prinsippene her er å påvirke markedet slik at noen edelsteiner (f.eks. blå) er mer ettertraktet og dermed også mer verdt enn andre (f.eks. røde). Berge og Harald satset som sagt på dett og kjempet om å få de 2 mest ettertraktede edelsteinene (blå og grønne). Jonny tok til takke med det han fikk tak i. Noe som etter hvert skulle vise seg å være ganske lurt. Dette er nemlig et spill hvor alle monner drar. Alle edelsteiner er nemlig verdifulle - i større eller mindre grad selvfølgelig. Mens Berge og Harald kjempet iherdig om å få de beste steinene, plukket Jonny opp de andre, så da det var klart for opptelling av verdipoeng suste han forbi Berge, og tok nesten igjen Harald. 2 fattige verdipoeng var det som skilte 1. og 2. plassen. I etterpåklokskapens ånd så vi at det var viktig å ha majoriteten av alle de forskjellige edelsteinfargene - og ikke bare de mest verdifulle.

Sluttresultat:
Harald: 87 poeng
Jonny: 85 poeng
Berge: 79 poeng
Bildet viser sluttstillinga, se poengskalaen i nederste billedkant.

Takk til Harald, og ferdig med kommersen. Til slutt avslutta vi med litt krig, sjølv om vi på førehand hadde bestemt oss for å utkludere reine krigsspel frå temaet "politiske spel". Når vi var ferdige med Sylla og Ys, drog Harald fram Wings of War (WoW), og overtalte dei gjenverande spelarane (Åge og Berge hadde tatt kvelden) til å bli med på ein runde luftkrig. Grunnen til det var enkel: Denne kvelden brukte vi kjellerlokalet til Ulstein KFUK-KFUM, også kjent som Fredheimkjellaren. Her står eit biljardbord. Treng eg seie meir? Biljardfilt, kortspel med kort som skal ligge stabilt, avgrensa speleflate, perfekt for WoW.

To og to mot kvarandre, det laget som først får flya skote ned har tapt. Enkelt og greit. Likevel gjekk det såpass lang tid at vi endra vinnarkriteriet til at det laget som først fekk eitt fly skote ned, tapte. For å gjere ei lang historie kort: Erling og Bjørn tapte, Harald og Jonny vann. Det etter at Jonny trakk skadekort på skadekort med 0, og Bjørn trakk jamnt med 2, 3 og 4. Ja ja, i det minste fint at spelet ikkje blir avgjort av tilfeldige element som terningar, Gud forby... ;-)

Neste BrettVett blir, grunna haustferie, måndag 12. oktober.
Inntil då skal vi kose oss med ein del andre spel, som eitt av fleire testpanel/jury til "Årets spill". Kjem truleg ein liten rapport også frå det skråplanet...

tirsdag 11. august 2009

BrettVett 11 - Something old, something new...

For andre BrettVett på rad veik vi bort frå regelenom å møtast første måndag i månaden. Første samling etter ferien fann difor stad 10. august, nok ein gong i lokala til Spor Forlag.
Vi henta fram ein gammal kjenning, eller something old om du vil, nærare bestemt Red November. Dette spelte vi også på BrettVett 6, då med 7 spelarar. No var vi seks gnomar som skulle bruke store delar av kvelden på å berge ubåten Red November frå undergangen. Eg har ikkje tenkt å forklare mykje kva spelet går ut på, det kan du lese i bloggposten frå BrettVett 6. Heilt kjapt kan eg seie at det er eit samarbeidsspel. Vi taper eller vinn som gruppe, mot spelet. Spelarane brukar tidspoeng for å utføre handlingar. Du flyttar så ein brikke i din farge langs ein tidsmarkør, jo meir tidspoeng du har brukt dess lenger flyttar du brikken. Og jo lenger den flyttar, dess meir nye hendingar som må ordnast opp i. Ganske heseblesande...

Godt i gang.

Vi har berre spelt Red November ein gong tidlegare på BrettVett, og sidan dette er eit spel som ikkje akkurat får Nobelprisen for god og presis regelforklaring, så vart nok ikkje spelet heilt etter boka. I alle fall ikkje i starten. Det førte til at det breidde seg ei stemning av avslappa kontroll. Etter kvart oppdaga vi nokre feil vi hadde gjort: Vi utførte ikkje faintcheck etter å ha brukt grog. Vi huska ikkje at kvar spelar berre kan gjere ein action pr. tur. Vi var ikkje nøye med rekkefølgja på movement og action. Når vi oppdaga dette, og innførte det, vart det brått vanskelegare...

One down, several to go...

Vi var også usikre på eit par punkt: Når det oppstår brann i eit tilstøytande rom som ein eksisterande brann, og den aktive spelaren skal velje kva rom den nye brannen oppstår i, kan han då velje eit rom med oversvømming i, slik at det IKKJE oppstår ein ny brann? Nye destruction events skal plasserast ti minutt fram. Frå kva? Frå den raude stjerna der kortet vart trekt, eller ti minutt fram frå der ghost markeren til den aktive spelaren står? Om nokon har innspel på dette blir vi glad om du legg inn ein kommentar.

Two down...

Vi vann ikkje. Vi var veldig nær, men vi vann ikkje. Lars Erling sin gnom drakk seg helselaus på grog, og låg avsvimt i eit rom det vart oversvømming i. Harald sin gnom hamna og i trøbbel, og dermed var vi fire spelarar att. Erling skulle som siste spelar berre gå inn til "mål", markøren for 0 minutt att. Dei andre tre var allereie i sikkerheit, men Erling skulle trekke tre hendingskort på veg inn. På det andre kortet sto det:"Advance pressure track by one", og det eine steget var nok til at trykkmarkøren kom på max og vi tapte. Akk, så nær.

Etter det bitre nederlaget måtte vi ha noko å muntre oss opp med. Tre dagar tidlegare hadde vi fått tilsendt tre spel frå Vennerød forlag, for å teste og melde dei. Something new, der altså. Vi hadde ikkje tid til å teste alle tre denne kvelden, så vi valde Zak Pak! som det heiter i den nordiske trespråklege utgåva (regelhefte på norsk, svensk og finsk). Spelet har liknande trekk som Ubongo, for den som kjenner til det. I Zak Pak! skal kvar spelar kaste terningar som avgjer kor mange trebrikker av forskjellig lengd spelaren skal trekke. Desse brikkene skal ein plassere best mogleg på eit lite brett som har form av ein lastebil. Best mogleg vil seie å utnytte rommet på lasteplanet best mogleg. Trebrikkene kan lastast i ein, to, tre eller fire høgder, alt etter kva kapasitet lastebilkortet du trekk har. Lastebilkortet får du på følgjande vis: Alle trekk to lastebilkort og legg dei opp/ned framfor seg. Alle snur dei samtidig, og vel eitt lastebilkort. Du har ikkje lov å velje eitt av dei to som ligg framfor deg. Her er det ein vri: Den siste til å trekke lastebilkort må ta det som ligg opp/ned øvst i bunken, og får dermed mykje mindre kontroll på kva lastebilkort han får. Dette fører til at ein stresser ganske mykje med å velje kort frå bordet, og det opnar igjen for armtacklingar, obstruksjon og andre underhaldande metoder som i ein kvar lagidrett ville gitt gult kort. Men kven sa at brettspel er for pyser??? Ein startar spelet med 75 poeng. Du mister poeng for kvar brikke du ikkje får plass til på lastebiln, og du mister poeng for ledig tomrom på bilen. Spelet er slutt så fort ein spelar går tom for poeng. Spelaren som har mest poeng att vinn.

Første runde:
Erling 65 poeng
Arild 51 poeng
Harald 45 poeng
Bjørn 0 poeng

Andre runde:
Arild 48 poeng
Erling 46 poeng
Bjørn 32 poeng
Harald 0 poeng

Vi kjem tilbake med meir om Zak Pak! etterkvart som vi får testa det meir. Når vi spelte det vart eg så ivrig opptatt at eg glømte å ta bilde av det. Trur nokon andre tok mobilbilde, og det skal eg sjølvsaagt legge ut her om eg får slått kloa i det.

Høyrt undervegs i Red November:
Ukjend: "Det dummaste vi gjorde var å begynne å følgje
reglane!"
Berge: "Eg er redd du tar sjølmord på heile gjengen."

Harald etter å ha blitt konfrontert med å ha flytta Bjørn sin brikke i staden for sin egen: "Vi har visst gjort ein feil." Erling: "Vi?" Harald: "Ja, er det ikkje eit samarbeidsspel?"

onsdag 17. juni 2009

BrettVett 10 - Jubileum og sommaravslutning.

Måndag 8. juni hadde vi eit aldri så lite jubileum i BrettVett. Det var nemlig tiande brettspel-kvelden sidan BrettVett starta opp hausten 2008.

Jubileumet var lite på ein annan måte også, fordi berre 4 spelarar møtte opp for å markere dagen. No var det ikkje akkurat drive tung marknadsføring for jubileumet, faktisk ingen i det heile. Ikkje anna enn at det hadde gått ut melding til alt folket om at vi prøvde ein BrettVett-kveld i juni, sjølv om det var sommar og fint ver. Dei fire som trassa sol og varme for å sitte inne og spele spel var Tommy, Harald, Erling og Bjørn.

Denne kvelden skulle vi teste Erling sin nyinvestering, Power Grid. Vi bestemte oss for å spele BeNeLux-brettet. I skrivande stund er det ikkje så greit å huske detaljane rundt gangen i spelet, det er trass alt to månader sidan. Heldigvis har eg ein Post-It-lapp med resultata på, så resultata skal i alle fall bli kunngjort. Ståa var slik at ingen av oss fire som var der, hadde spelt Power Grid før. Littegrann tid til å lese i regelheftet, altså. Det gjekk strålande fint, og vi kjørte i gang med liv og lyst. For å gjere ein lang historie kort, så gjekk det slik:
Erling hadde straumforsyning til 16 av sine 17 byar, og vant. Ikkje så rart kanskje, sidan han eigentleg er elektrikar. I framtida skal han spele Power Grid med handikap. Tommy kom på andreplass. Han kunne på sin siste tur auke frå 14 til 17 byar, men det hjalp ikkje sidan han uansett ikkje kunne forsyne meir enn 15 av dei med straum. Bjørn og Harald hadde 11 byar kvar. Eg har notert Bjørn på tredjeplass, det skuldast truleg at han hadde straumforsyning til 14 byar, og Harald til 13. Er det i følge reglane, eller...?

Dagens sitat hugsar eg i alle fall, det var "Uranus", uttalt med brei amerikansk aksent. Det var det ordet vi etter kvart nytta for råstoffet Uranium. Litt prepubertal humor der, altså.

Vel vel, alle frammøtte var einige om at det hadde vore ein fin kveld, og ønska kvarandre god sommar. Så kan eg nytte sjansen til å minne alle på semesterstart for haustsemesteret: Måndag 10. august. Stad kjem vi tilbake til. Når det gjeld klokkeslett har eg veldig lyst at vi skal starte litt tidlegare, slik at vi får meir ut av kvelden utan at det vert så seint (eg har ein ettåring i huset som vaknar kl. 06.00 uansett...). Tør eg foreslå start så tidleg som 18.00? Eller 18.30? Fint å få litt tilbakemelding på akkurat det.



Her kan du kose deg med fleire bilete frå jubileumskvelden:



torsdag 7. mai 2009

BrettVett 9 – Erlings hemn i ”Aksjespareklubben”

Ein fattig kveld i månaden – kva er vel eigentleg det med tanke på alle dei spela vi så gjerne vil teste ut, nye brettspelperler som vi nesten føler oss forplikta til å spele, så dei ikkje berre ligg heime og samlar støv (vi har trass alt kjøpt dei allereie)? I tillegg vil vi gjerne finne fram gamle perler og skattar frå spelsamlinga. Så kva er vel ein spelekveld i månaden då? Slett ikkje nok. Så sjølv om vi har ein del nye spel vi skulle testa ut, blei det denne kvelden, den første måndagen i mai i det Herrens år 2009, ein ønskereprise: Harald fekk lov å hente fram Railroad Tycoon frå arkivet. Så medan skulekorpset gjekk utafor og øvde på å kombinere speling og marsjering, benka desse seks karane seg rundt spelebordet for å kombinere oppgradering av lokomotiv med flytting av trekubar; Berge, Harald, Knut Einar, Erling, Arild og Bjørn.

Som den observante lesar vil hugse har vi spelt Railroad Tycoon på BrettVett før, nærare bestemt på BrettVett 3, i oktober 2008. Med unntak av Bjørn var det dei same spelarane som då gjorde opp om kven som var den kvassaste til å bygge jernbane og frakte trekubar rundt omkring i USA. Dermed kunne ingen skulde på at spelet var nytt for dei.

Ein interessant mekanisme i Railroad Tycoon er at alle startar utan kontantar, og må løyse ut aksjar for å få cash ($5000 for ein aksje). På slutten av kvar omgang må ein betale ”utbytte” på $ 1000 pr. aksje. I tillegg får ein eitt minuspoeng for kvar aksje ein har løyst ut i poengteljinga til slutt. For vidare omtale av spelet Railroad Tycoon kan du sjå brettVett sin eigen ekstrablogg der vi vurderer spel, ”Spill til ettertanke”.

Med seks spelarar blir det fort trongt på brettet. Som vanleg med dette spelet blir det først bygd jernbane mellom byane i nordaust, og det var nettopp dette Erling som startspelar gjorde. Arild som spelar nr. to valde utradisjonelt, og bygde rett på vestsida av fjella. Bjørn sikta seg meir inn på Chigago-området, utan at det vart dei store jernbanestrekningane av det. Berge hamna i søraust, og fekk bygd ut eit respektabelt jernbanenett der. Harald fekk aldri opp den store jernbanen, men fleire småstrekningar i nordaust og sørvest. Han frakta dermed mykje på andre sine baner, og delte ut poeng i aust og vest (mest aust). Den einaste som ikkje naut godt av dette var Bjørn, som ikkje hadde ei einaste jernbane på austkysten.

Etter Erling sitt minneverdige og mykje omtalte (i alle fall internt i BrettVett) nederlag i Railroad Tycoon på BrettVett 3, tok han denne gongen ein vel fortent andreplass. Han måtte likevel sjå seg slått av Knut Einar, som tidleg drog i frå for aldri meir å sjå seg att. Arild karra seg til ein finfin 3. plass, med god drahjelp (bokstaveleg talt, det er jo eit togspel) frå Knut Einar som på sine to siste trekk foræra Arild ikkje mindre enn 10 poeng, ved å flytte godskubar med sjuarlokomotivet sitt på ei linje der Arild hadde fem jernbanestrekk. Nei da, ingen bitterheit frå referenten. Nei da… Berge frakta godskubar jamt og trutt, og låg lenge an til 3.plassen, men måtte altså ta til takke med 4.plass etter sluttspurten til Arild. Harald skjønte ikkje heilt korleis han til slutt hamna på 5.plass. Men etter å ha løyst ut 19 aksjar, som altså gjev 19 minuspoeng i slutteljinga, fekk han ikkje berre ein velfortent 5.plass, han fekk i tillegg livslangt æresmedlemskap i Aksjespareklubben. Bjørn sparte seg til fant og sjetteplass ved å berre løyse ut ein (1!) aksje til langt ut i spelet. Etter ei stund løyste han ut tre aksjar til for å finansiere western connection, noko som truleg gagna Arild like mykje.

Vel vel, alle var einige om at det hadde vore ein fin (tog)tur, og fór heim kvar til sitt. Vil med det same invitere alle lesarar til BrettVett 10 (oi, eit lite jubileum!), som blir ANDRE MÅNDAG I JUNI! Dette fordi første måndag juni er andre pinsedag, og det kan vel hende nokon er bortreist i pinsehelga. I juli tek vi BrettVettferie, før vi startar haustsemesteret måndag 3. august.

Kveldens sitat (tre på rappen), etter ein liten regeldiskusjon: Harald: ”Eg har sendt mail til Glenn Drover for å spørje, men han har ikkje svart.” Berge: ”Det er så godt å sjå at det er nokon som er meir geek enn meg.” Arild (til Berge): ”Så du kjem på spelekveldar for å kjenne deg normal?”

Over: Erling (venstre, blå brikke) og Arild (høgre, svart brikke) er nøgd med å ha scora poeng først, sjå poengstigen på kanten av brettet. På dette tidspunktet ana vi moglegheiten for ein sensasjonssiger til Erling, som kom sist forrige gang vi spelte Railroad Tycoon.

Over: Berge (raud brikke) og Knut Einar (lilla tog, men grå brikke på poengskalaen) har blanda seg inn i teten, Arild har falt litt av. Harald (grøn brikke) og Bjørn (gul brikke) har plassert seg bakerst, og skulle bli der.

Over: Knut Einar og Erling har dratt i frå, og vi lurte for alvor på om Erling skulle gjere som ein viss tyggis (var det ikkje det det var reklame for...?), og halde heilt til Vladivostok...

Over: Her leier Erling framleis, men måtte etter kvart gi tapt for Knut Einar, som vann ein vel fortent siger.

Over, frå venstre: Berge (raud spelar), Harald (grøn spelar), Knut Einar (lilla spelar men grå brikke på poengskalaen).

Over, frå venstre: Harald, Knut Einar, Berge og Arild. Nok ein gong har vi fått låne lokala til Harald sin arbeidsgjevar, Spor Forlag. Vi takkar for det.

Over: Berge, usikker på om han på dette tidspunktet i spelet er fornøgd eller ikkje...

Over: Close up av Berge sitt jernbanenett.

Over: Close up av Erling sitt jernbanenett.

Over: Arild (venstre) og Bjørn (høgre) er bekymra over utviklinga, medan Erling tel poeng.

Over: Konstablane Arild og Bjørn i poengpolitiet følger med så ikkje Erling flytter brikken sin for langt...

video
Over: Spelarane forklarar nøkkelen til suksess eller fiasko (Bjørn på sjetteplass kom ikkje med, fordi minnekortet var fullt. Men sidan han kom på sjetteplass er det truleg berre bortforklaringar likevel...